-
BUA
BUA er ei utstyrsordnig, der ein kan låne gratis utstyr til sport og friluftsliv
Tilskot til inkludering av barn og unge
Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking.Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa for ordninga er barn og unge til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap. Utanforskap handlar om å stå utanfor ulike arenaer eller fellesskap i samfunnet. Søknadsfrist er 1.november!
Risikofaktorar for utanforskap kan vere:
- å vekse opp i familiar med låginntekt
- manglande sosialt nettverk
- manglande tilknyting til skule/arbeid
- manglande deltaking i fritidsaktivitetar
Kven kan søkje?
- Offentlege instansar
- Frivillige organisasjonar
- Private aktørar
Les meir om utlysing og vilkår på bufdir sine sider:
Del på:
Annen informasjon