FORENINGSPORTAL Foreninger i Fjaler

BUA Fjaler

Friluftsliv 

Frivilligsentralen driftar BUA-ordninga i Fjaler som låner gratis ut fritidsutstyr for sommar og vinter. På Bua kan du låne alt frå soveposer, liggjeunderlag, telt og tarp, ryggsekkar, fiskestong og stormkjøken, badmintonsett, hengekøyer, fjellsko, syklar, rulleskøyter og skateboard, skøyter, ski, akebrett og truger.

DeKor

Sang og musikk 

DeKor er eit lystig blandakor med tilhaldsstad i Dale i Sunnfjord. Likar du å syngje og kunne tenkje deg å vere med i kor? Då kan du ta turen til Dale tysdagar kl 19.30. Vi øver på Dingemoen skule, og tek godt i mot nye koristar. Velkomen 🎶

Fjaler Næringsutvikling

 

Fjaler Næringsutvikling er eit kompetansebasert utviklingsselskap som skal arbeide for at Fjaler er ein attraktiv bedrifts-, bu- og besøkskommune. FNU arbeider i skjeringspunktet mellom offentleg og privat næringsliv og er ein pådrivar for vekst og framgang i regionen. Vi held til i nye, flotte kontor på Dale Senter i fellesskap med fleire bedrifter. Fjaler kommune ligg på sørsida av Dalsfjorden i Sogn og Fjordane. Vi er kjend for eit variert næringsliv med driv og eit rikt kulturliv. Du kan lese meir om Fjaler på kommunen si nettside >

Fjaler og omegn motorsportklubb

 

Motorcrossklubb med crossbane som ligger i Trolleskaret rett bak kaldhallen. Crossbane for MX (motorsykler for cross) og atv (atv/ quad for cross). Klubben ligger under paraplyen til Norges Idrettsforbund og Norges Motorsportforbund. Crossbana er godkjent til motorcross av Norges Motorsportforbund.

Jakob Sande - senter for forteljekunst

 

Sande - senteret forskar i og formidlar arven etter Jakob Sande, utviklar eit fagmiljø innan munnleg og skriftleg forteljekunst, driv akademi og seminar, arrangerer kulturarrangement og bygningsvernveke, teater, produksjonar, driv ein bokhandel/forteljehus, har residens for skapande og skrivande og driv utleige.

Lions Club Fjaler

 

Lions er globale Lions Clubs International er en frivillig, verdensomspennende humanitær organisasjon som har vært «til tjeneste» i over 100 år. Internasjonalt når vi ut til over 200 millioner mennesker gjennom våre aktiviteter og prosjekter. Når en katastrofe inntreffer, trår de lokale klubbene i det rammede området til med hjelpetiltak. Med et globalt nettverk av Lionsklubber i ryggen, og ikke minst, vårt handlekraftige internasjonale hjelpefond, LCIF, kan Lions raskt respondere i kriser. Utover katastrofehjelp og humanitær bistand, har Lions fem globale formål: diabetes, barnekreft, sult, miljø og syn.

Samspel

 

Samspel er eit enkelpersonføretak drive av Ingvild Espedal. Eg er 32 år og i 2015 var eg ferdig utdanna idrettspedagog, Eg har ein BA i idrett, ernæring og helse frå Kingston University og Høgskulen i Buskerud og Vestfold. Gjennom Samspel ynskjer eg å fremje kvardagsaktivitet, og auke bruken av uteområdet som me har rett utanfor husveggen. Dette gjer eg gjennom utandørs fysisk aktivitet, friluftsopplevingar og smaksopplevingar. Eg har no frå 2023 av størst fokus på digital helseveiledning og coaching, utandørs styrketrening og bedriftstrening.

Teaterfestivalen i Fjaler

Sang og musikk 

Teaterfestivalen i Fjaler har sidan 2013 vore arrangert i september kvart år. Festivalen presenterer engasjerande scenekunst av høg kunstnarleg kvalitet, og inviterer til debattar, foredrag og andre aktivitetar med utgangspunkt i ein tematisk heilskap. Festivalen legg vekt på å skape møtepunkt mellom kunsten og bygda på fleire nivå. Kunstnarlege leiarar er Miriam Prestøy Lie og Torkil Sandsund. Kristin Skiftun er produksjonsleiar. Festivalen engasjerer og kvart år ein mengde frilansarar, samt mange frivillige.

UWC Red Cross Nordic

 

UWC makes education a force to unite people, nations and cultures for peace and a sustainable future UWC schools, colleges and programmes deliver a challenging and transformational educational experience to a diverse cross section of students, inspiring them to create a more peaceful and sustainable future.