FORENINGSPORTAL Foreninger i Fjaler
Foto:
Foto:

Velkommen til Fjaler foreiningsportal

Fjaler kommune har eit rikt foreiningsliv med mange spennande aktivitetar.Her finner du alle foreninger med kontaktinformasjon samt kalender med alt som skjer.


Organisasjonane kan redigere eigen foreiningsinformasjon direkte i portalen og melde inn "nyheiter" til Fjaler Frivilligsentral om dei ønskjer det.
Dess fleire som brukar portalen aktivt dess bedre vil den bli, så manglar ditt lag- eller organisasjon tilgong, informasjon eller bild?
Skriv til: 

frivilligsentralen@fjaler.kommune.no

Kva skjer i Fjaler?

Dag Dato Kl. Tittel Sted Arrangør
Tir 03.02. 12:00 Strikkekafé på Samvirket Samvirket Fjaler Frivilligsentral
Tir 03.02. 13:30 Gjenbruk Andre etasje på Gamle ungdomskulen
Tir 03.02. 15:20 Guddalskoret øving Guddal kyrkje Guddalskoret
Tir 03.02. 18:30 Øving Dalsfjorden spelemannslag Vevang dagsenter Dalsfjorden Spelemannslag
Tir 03.02. 19:00 Sirkeltrening Flekke skule Svint idrettslag
Tir 03.02. 19:30 Øving i DeKor Dingemoen skule DeKor
Ons 04.02. 10:30 Allsong på Samvirket Samvirket Kulturskulen i Hyllestad, Askvoll og Fjaler
Ons 04.02. 13:00 Aktiv på Dag, Våge Aktiv på dag

NYTTIGE LENKJER FOR LAG OG ORGANISASJONAR

Lyser ut 15 millionar til nyskaping i kulturlivet

Vestland meir enn doblar den nasjonale potten på 7,4 millionar kroner og lyser no ut 15 millionar gjennom den nye tilskotsordninga Regionalt kulturfond Vestland.

NY TILSKOTSORDNING: Regionalt kulturfond Vestland skal blant anna stimulere til auka aktivitet og deltaking i kulturlivet og styrke samspelet mellom profesjonelt og frivillig kulturliv. (Illustrasjonsfoto: Førdefestivalen)

Av Birthe Johanne Finstad Publisert 27.06.2025 Endra 27.06.2025

Den nye tilskotsordninga skal bidra til auka aktivitet og deltaking i kulturlivet og styrke samspelet mellom frivillige og profesjonelle. Ho skal også forsterke den lokale og regionale kulturfrivilligheita og bidra til auka kvalitet på kunst- og kulturtilbodet.

Leiande kulturfylke

Vestland har fått 7,4 millionar frå Kultur- og likestillingsdepartementet gjennom den nye statlege tilskotsordninga Regionalt kulturfond.

– Når vi meir enn doblar den nasjonale potten her, syner vi at Vestland er eit fylke som verkeleg prioriterer kultur og tek rolla som det leiande kulturfylket. Regionalt kulturfond Vestland skal gå til utviklingsprosjekt som bidreg til visjonen i den regionale kulturplanen om at kultur bygger samfunn. Difor skal det regionale kulturfondet løfte både frivilligheita og dei profesjonelle aktørane, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

Kven kan søke?

Det nye kulturfondet gjeld for frivillige og profesjonelle aktørar i kulturfeltet, som har aktivitetar i Vestland. Kulturfeltet gjeld i dette tilfellet aktørar med verksemd innan blant anna musikk, teater, dans, visuell kunst, litteratur, kulturarv og handverk.

Fristen for å søkje tilskot frå Regionalt kulturfond Vestland er 15. september. Løyvingane i ordninga vil i hovudsak liggje mellom 100 000 kroner og 2 millionar kroner.

Prioriterer nyskaping

I tildelinga vil fylkeskommunen prioritere prosjekt som bidreg til eit nyskapande og utforskande kulturliv, prosjekt som styrker nettverk, kunnskap og/eller mangfald, og prosjekt som legg vekt på å redusere klima- og miljøavtrykk.

Den tidlegare tilskotsordninga kulturelt utviklingsprogram er no bygd saman med det nye regionale kulturfondet.

For mer informasjon og søknadsskjema: https://www.vestlandfylke.no/nyheitsarkiv/2025/lyser-ut-15-millionar-til-nyskaping-i-kulturlivet/

Oppdateringer

Her kan du se hvor mange foreninger som har oppdatert sine opplysninger.

84,5 % 

Foreninger: 69 av 81 er oppdatert (85,2 %) (mangler 12)
Bedrifter: 2 av 3 er oppdatert (66,7 %) (mangler 1)
Totalt: 71 av 84 er oppdatert (84,5 %) (mangler 13)